torsdag 29. oktober 2015


Alkohol og rus


Nå har eg tenkt å skrive eit innlegg om alkohol og rus. Eg skal skrive litt om positive og negative sider med alkohol. Det er mykje negativt med alkohol. Eg vil pg skrive litt om kva skader du kan få av å drikke for mykje alkohol. Eg skal og skrive litt om kva alkohol ødelegger og litt om konsekvenser.

Det er mykje som innheld alkohol, ting som bensin eller kosmetikk. Dei single og dei høgt utdanna er ofte dei som drikk mest. 1/5 av mennene i Noreg misbruker alkohol. Når du drikk alkohol skader du både hjernen og leveren. Hjernen blir skadd slik at balansen og minnet er dårlegare jamvel når personen er edru. Får du skader i ryggmergen vil dette føre til muskelkrampar i beina, svakare musklar og nedsett hudkjensle. Får du skrumlever så er det at levra blir lita og hard, og ho kan lenger ikje utføre oppgavene sine. Avhengighet kan føre til meir enn 60 ulike sjukdommar (Ekeland s.76-77). Rus er ei «forsterka» sinnstemning. Eit anna ord for rus er eufori. Eufori kan være sterke sterke kjensler, slik du for eksempel kjenner det når du er forelska, det kan og vere ei kjennsle av spenning, meistring eller av glede (Ekeland s.71).

Drikk du alkohol mens du er gravid, får fosteret den samme funksjonen.  
Eit foster kan bli skadd av alkoholinntaket til mora, som kan føre til alvorlege alkoholskader. Fosteret kan både bygnaden og funksjonen til hjernen få alvorlege skader. Barn som er utsette for alkohol, kan bli forseinka i utviklinga på fleire områder. Dei kan få blant anna få lærevansker og konsentrasjonsvanskar, dei kan og fungere dårleg sosoialt. Helsestyresmaktene meinar derfor at ein ikkje skal drikke alkohol under svangerskapet (Ekeland s.72).

Gjennomsnittsalderen til å begynne med alkohol i Noreg er 14,5 år, det synes eg er litt rart og litt trist når lova seier at du må være 18 for å kjøpe øl og vin, og 20 år for å kjøpe brennevin. Begynner du med alkohol med ein alder under 14 så er det stor sjans for at du blir avhengig av alkohol når du blir stor (Ekeland s.74).

Det er mange negative konsekvensar med alkohol. Å kjøre med ein promille høgere en 0,2 er ulovleg. Det er mange grunnar til at det ikkje er lov å køyre i beruset tilstand, eg ska nevne nokon av dei. Køyrer du i beruset tillstand øker du risikoen i å køyre  utan og tenke, du tar dårlege beslutningar. Viss du kjem i ein kollisjon i beruset tillstand skader du ikkje berre deg sjølv men du skader dei i den andre bilen på grunn av du ikkje følger lova. Det er den største grunnen til å halde seg unna bil når du er i beruset tillstand (Ekeland s.75).

Det er mykje negativt med alokohol, som f.eks. oppkast, svimmel, vondt i hovudet, avhenging eller vold. Er du på ein fest og har fått i deg litt alkohol kan det være lett og berre gå opp til ein person og fertelle han kva du meinar om han. Viss du då seier mykje om han som er negativt vil han sei kva han meinar om deg, då kan det fort ende opp med vold. Nokon kan og bli veldig glade å går opp til folk og seier ting som «eg elsker deg» eller «du er veldig fin» det er bedre en vold. Det er og positive ting med alkohol. Er du vanleg ein sjenert og rolig type og får i deg litt alkohol så kan du få den største sjølvtilliten i heile rommet.

Kjelder:
Tellus 9


Per Roar Ekeland

3 kommentarer:

  1. Bra innlegg! Du har med mange gode fakta om alkohol og rus! Fint at du har med kjelder:)

    SvarSlett
  2. veldig bra, eg lærte mykje av og lese dette :)

    SvarSlett